top of page

Våre Tjenester

Undersøking

Ved ordinær undersøking vil tannlegen sjå over tennar, tannkjøtt og slimhinner. Det vil bli tatt nødvendige røntgenbilder. Til slutt vil det bli utført puss og fjerning av tannstein og misfarge. Vi vil ut i frå funn og diagnostikk, utarbeide ein behandlingsplan i samråd med pasienten.

Rotfylling

Dersom nerva i ei tann blir alvorleg skada er det som oftast nødvendig å rotfylle tanna. Dette kan koma av store fyllingar, hol, sprekkdanning eller traume/slag mot tanna. Ved ei rotbehandling blir skada nervevev fjerna og erstatta med materiale som er vevsvennleg. Tennar kan ha mange og trange rotkanalar som det kan vera vanskeleg å finne, det kan difor vera ein tidkrevjande prosess. Det vil ofte vera nødvendig å nytte mikroskop under denne type behandling.

Konserverande behandling

Eit hol startar som ein skade i emaljen. Så lenge holet er lite, kan ein ofte halde det i sjakk med grundig reinhald og fluorterapi. Viss holet veks, vil det kome inn i dentinet. Her vil utviklinga gå raskare, og skaden må bli reparert med ei fylling. Fyllingane er tannfarga, dei har god estetikk og er holdbare. Kor lenge fyllingar varer er avhengig av fleire faktorar som storleiken på fyllinga, samt kvar fyllinga er plassera, bittilhøva til pasienten og reinhald og kosthald.

edited-10-2.jpg

Protetikk & Erstatning for Manglande Tennar

Krone

Ei krone er ei tannrestaurering som vert nytta dersom tanna er så skada at den ikkje kan reparerast med ei fylling. Det finst fleire ulike kronetyper og desse har ulike eigenskapar når det gjeld funksjon og estetikk. Tannlegen informerar om kva type som er best egna i kvart tilfellet. Å setje ei krone på ei tann krev minimum to besøk. I fyrste møte vil vi slipe til tanna, ta eit avtrykk og lage ei provisorisk krone. Etter omlag to veker kjem krona ferdig laga frå tanntekniker og den kan sementerast på plass i munnen. I enkelte tilfelle der ein har lite tannsubstans å feste krona på, kan ein nytte ei stift som ekstra feste for krona.

Protese

Proteser erstattar manglande tenner. Det finst ulike typer proteser. Ei delprotese er ei tannprotese som kan takast av, som har eit støypt metallskjelett, og som kan erstatte ei eller fleire tenner. Protesa vert halden på plass med støtter og krokar (klammer) på dei attståande tennene, men kan enkelt takast ut, til dømes ved reingjering. Dersom ein ikkje har nokon attståande tenner kan ein få framstilt ei heilprotese som erstattar alle tennene. Denne er laga av eit plastmateriale og må takast ut for reingjering.

Tanntrekking og kirurgi

Vi utfører enklare kirurgiske inngrep som fjerning av visdomstenner og rotspissamputasjonar. Meir omfattande kirurgi henviser vi til spesialist.

Bru

Manglande tennar kan erstattast ved hjelp av ei bru. Ein nyttar nabotennene til den manglande tanna som feste for brua, elles er framgangsmåten den same som for ei krone.

Implantat

Tannimplantat vert nytta til å erstatte manglande tenner. Dette er titanskruar som vert operert inn i kjevebeinet. Når implantatet er godt integrert i kjevebeinet kan ein feste ei krone på toppen av implantatet. Behandlinga er ein prosess som strekker seg over fleire tannlegebesøk og krev grundige forundersøkingar og nøye planlegging. Implantat kan også nyttast som feste for broer eller proteser.

Tannkjøttbetennelse

Tannkjøttbetennelse/periodontitt er ein betennelse i støttevevet til tennene. Ved periodontitt er det få subjektive symptom. Enkelte vil likevel kunne oppleve dårleg ande og bløding frå tannkjøtet. Tannkjøtet vil og vere noko ømt og hovent. Seinare i sjukdomsutviklinga vil tenner kunne verte lausare og eventuelt flytte på seg. Periodontitt har ei multifaktoriell årsaksforklaring. I denne type behandling er profesjonell reingjering mellom tennene viktig. Samarbeidet mellom behandlar og pasient er også svært viktig.Vi vil lage eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg.

Tannbehandlingsangst

Mange pasientar slit med angst for tannbehandling. Den vanlegaste årsaka til at folk utviklar tannbehandlingsangst , er negative erfaringar hjå tannlegen som barn. Tannbehandlingsangst kan også ha andre årsaksforklaringar.  For enkelte er tannbehandlingsangsten del av ei generell angstliding. Tannbehandlingsangst er som regel kjenneteikna av to ting: redsel for smerte og ei kjensle av manglande kontroll i situasjonen. Tannbehandlingsangst kan behandlast, men ein må bu seg på å vere tolmodig. Eit stort steg er i det heile å bestille ein time og møte opp hjå tannlegen. Tilvenning, kommunikasjon, tid og tryggleik er verkemiddel som hjelper. Målet er ei god oppleving for pasienten, slik at ein føler meistring og tillitt til behandlar, og at det gradvis blir lettare å gå til tannlegen.

Estetisk Tannbehandling

Vi utfører tannbleiking dersom tennene har vorte misfarga.

Fasettar kan nyttast ved behov. Ein fasett er eit tynt skal av porselen som ein limar fast på ytterflata til tanna. Ein kan nytte fasettar for å endre fasong eller farge på tennene eller for å reparere ei skada tann (til dømes dersom det er slått av eit hjørne). Ein kan og nytte fasettar for å redusere eller lukke mellomrom mellom framtennene.

bottom of page